tirsdag 24. november 2009

Lykke og liten i nettbutikk


I dag er klærne frå lykke og liten kome i den super-fine nettbutikken hjerter av ull:-)

Sjekk det ut her:www.hjerteravull.no

mandag 9. november 2009

Jula nærmar seg

Hurra! No er det ikkje lenge til juletida byrjar så no vil me visa fram desse søte kjolane som kan pynte nokre småtuller til julefest.


Denne første er laga i eit flott strikka ullstoff. Skjørtet er plissert medan overdelen er i glattstrikk. Den har krage og detalj på beltet i det herlege eplestoffet. Passar til ei lita tulle på 3-6 mnd.



Den neste kjolen er i den same fine ullplissèen og har eit nydeleg blomstrete bomullstoff i livet. Livet er fôra med eit søtt raudt bomullstoff med små kvite prikkar. Knappeopning i ryggen. Denne er litt større og vil passe frå ca. 6 til 10 mnd.




Den tredje og siste julekjolen me vil visa i dag er i ein djup raud, nærast burgunder farge i ein fast, glatt og nydeleg ullkvalitet. Det blomstrete bomullstoffet og det smårutete bomullsfôret gir kjolen eit nostalgisk og romantisk uttrykk. Størrelsen på denne kjolen er 1,5 til 2,5 år.




onsdag 21. oktober 2009

Søt selebukse

Den mjuke ullen i denne selebuksa har tidligare varma ei fornem vestkantfrue, medan bomullen har pynta opp som gardin i ei flott stove. Dette kan iallefall vera historien bak desse tekstilane fordi det er så nydelege kvalitetar.



Fasongen er god og romsleg. Mørkeraude knappar i sidene og på selane. Str. 2 år.


mandag 19. oktober 2009

Bukser i blått

Etter alle kjolane me viste fram i går, er det på sin plass med litt bukser som også passar til gutar i dag.

Buksedressar med ull i nederdelen og bomull oppe. Begge er i str. 1,5-2,5 år.







Selebuksa har òg ull nede og bomull oppe. Str. 1-2 år.




søndag 18. oktober 2009

Ull inni, bomull utenpå.

Desse kjolane har alle ein tynn strikka lamull som fôr og ein mønstrete bomull utenpå. Dei er difor varme og mjuke, samtidig som dei er fargerike og glade.



Kjolane kan brukast lenge. Til baby på 6 mnd vil dei vera romslege kjolar, medan dei til ein 1-2 åring vil vere fine tunikaer med bukse under.





onsdag 14. oktober 2009

Haustfargar



Endeleg fekk me finver på vestlandet og me har no hatt deilige dagar med sol frå klar himmel og nydelege fargar på lauva. Då passar det bra å visa desse kleda i varme haustfargar.




Denne selebuksa har underdel i strikka ull frå ein tidlegare ullgensar. Selane er i eit godt, kraftig bomullstoff, fôra med ein mønstrete bomullslerret.



Kjole som matcher. Med store morsomme oransje knappar.




Kjole på bestilling

Denne kjolen laga me til ei lita jente på 3 år. Foreldra hennar likte så godt det blomstrete stoffet då dei såg det på ein annan kjole, men den kjolen var dessverre for liten. Me fann heldigvis små restar og utnytta kvar einaste liten bit. Saman med ein nydeleg, tynn og fin ull som ein gong skulle bli kjole til ei vaksen dame fekk den akkurat det romantiske og nostalgiske uttrykket me ville ha.

Legg merke til den nydelege blonden på sidene av frontstykket og på kanten nederst. Den er kjøpt på ein antikvitetsforrettning i Oslo og passa perfekt på denne kjolen.


Knappelukning og belte som knytast bak.

tirsdag 13. oktober 2009

Epler og pærer....

dett ned frå trærne...
og det er på tide å finna fram ullklærne igjen!


"Lykke og liten" har ligge i dvale sidan sist vinter men no kjem me tilbake med deilige varme klede til dei små.

Først ut er desse glade plagga med det herlege eplestoffet.




Buksa er i ein mjuk ribbestrikka ull og overdelen er i bomull med epler og hjerter.
Knappeopning bak.



Og ein kjole som matcher:
Denne er fôra med turkis/grønt blomstrete flannell.



Følg med. Det kjem meir i morgo :-)



Røde epler


Buksedress med ullstrikk i buksa og 2 ulike bomullstoff på overdelen. Epler og prikker til å bli glad av. Str. 1 1/2 - 2 år.

Grønne knapper i lukningen bak.

Nydelig ullkjole med plissering i skjørtet. Belte og krage med epledetaljer og nostalgiske småruter. Str. 3-6 mnd.



Knappeåpning og sløyfe bak.